Hemsedal Energi Marked AS overfører kundene til Wattn AS
Vi har over lengre tid vurdert kva vi skal gjera med kundeporteføljen. Det er stor konkurranse i markedet og det har vorte vanskelegare og vanskelegare å vera liten i bransjen ved bl.a. større krav til meir teknologiske løysingar for kundene. Mange selskap som oss har enten slått seg saman med andre eller seld kundemassen.
Styret for selskapet gjorde eit vedtak i fjor haust om å inngå forhandlingar med Wattn AS om overtakelse av kundeporteføljen. I desember vedtok kommunestyret i Hemsedal at kundeporteføljen skulle seljast til straumselskapet Wattn AS.
Alle tilsette i Hemsedal Energi Marked er overført til nettselskapet Føie AS.
Smidig overgang for kundene.
Straumavtalene vil bli vidareført til Wattn, og du som kunde treng ikkje å gjera noko. Overgangen vil skje automatisk 1. februar og alle kundene vil få god informasjon.
Om Wattn.
Wattn tilbyr ein moderne kundeapp og bedriftsportal som gir deg full kontroll over straumforbruk og kostnader. I tillegg har dei eit breitt utval av produkt og tenester, inkludert fleire spennande løysingar som vi tidlegare ikkje har hatt moglegheit til å tilby. Wattn tilbyr framtidsretta produkt og tenester med fokus på smart teknologi og berekraftig utvikling.
Dei er også opptatt av å vera på lag med lokalmiljøet ved å vera synlege der. Dei legg også stor vekt på det grøne skifte og vil vera best på bærekraft i markedet.
Wattn har òg gjennomfakturering med fleire nettselskap i Norge, slik at mange kunder kan få straum og nettleige på same faktura – ei praktisk og oversiktleg teneste som vi veit mange set pris på.
Vi har hatt mange gode år som ein lokal straumleverandør, og vi vil takke for tilliten gjennom denne tida. Om du har spørsmål før overføringa skjer, er du som alltid velkomen til å ta kontakt med oss. Etter 1. februar vil Wattn stå klare til å hjelpe deg vidare.
Les meir Wattn her: https://wattn.no